Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Ein milepæl er nådd!

Dei siste 6 vekene har vore hektiske. Livet har bestått av jobbing frå morgon til kveld og så litt søvn mellom slaga. Dette har altså resultert i ein blogg i tørke. Men prosjektet har gått videre! Og vi er veldig fornøgde med vegen det har tatt. Planar, snitt og fasader er no ferdige, konseptskisser på plass i lag med tekst som forklarer prosjektet. No har vi sakka ned på tempoet og skal kose oss med siste finpuss – perspektiv og layout. 

I begynnelsen av oktober vil prosjektet vårt – i lag med resten av kullet – bli utstilt i Kunstakademiet sine lokaler på Solsiden. Alle er invitert! Trur det blir mykje bra å kike på. 

Bloggbilete juli

Ein liten smakebit av prosessen og resultatet! Resten får du sjå i oktober :)

Lysstudier

IMG_2541

Ein modell i skala 1:20 er no laga av eit utsnitt av kyrkja. Rommet blei vakkert, synest vi! Med ulike veggar og ulike avstandar mellom dei forska vi på gode overlappingsavstandar. Vi vil ha mykje inndirekte lysinnslepp i kyrkjerommet sidan dette gir eit roleg lys. I modellen testa vi også forskjellen på element sett i same retning og element sett skrått på kvarandre. Dei to valga gir både forskjellige fasadar og rom inne. Etter meir modellbygging i 1:200 falt vi på å teste videre modellen der veggane står litt friare. 

Mange avgjerelsar vart tatt på fredag. Avgjerelsar må takast for at ein skal kunne vurdere dei vidare og ev. gjere ei revurdert valg.

Fiolett og blått

FIOLETT er fargen for bot, anger, oppgjer og sjølvbesinnelse. Det er fordi den består av ei blanding av raud (kjærleik) og blått (sanning). BLÅTT er fargen for himmel og fargen for det som har med det himmelske å gjere. Likesom den blå himmelen avslørast når skyene driv vekk, slik avdekkast sanninga når alle skalkeskjul fjernast. Derfor symboliserer blått trufastheit og sanning.

Blått er også Jomfru Maria sin spesielle farge. I kyrkjekunsten er ho normat kledd i ei vakker, blå kappe. Det er fordi ho har staus som himmeldronning, ifølge romersk-katolsk tru. 

blaa

Gjennom formulieringa av forarbeidet vårt blei vi bevisste på at ordet “kyrkje” er eit fleirtydig ord. Det kan brukast på ulike måtar som alle er rette. Tydinga i det enkelte tilfelet avhenger av samanhengen.

Det greske grunnordet for kyrkje i Det nye testamentet heiter EKKLESIA. Det betyr “dei som er kalt”, eller “dei som er utvalgt”. Dette omfatter ei forsamling, ei samling menneske. Frå rundt år 400 begynte ordet også å bli brukt om staden eller bygninga der dei kristne kom saman.

Det norske ordet kyrkje kjem frå det greske adjektivet KYRIAKOS. Det betyr “det som høyrer Herren til”. Det sikta først og fremst til Herrens nattverd og Herrens dag. Frå omkring år 300 blei det brukt som substantiv, KYRIAKON. Då betyr det “Herrens stad” eller “Herrens kyrkje”.

Ordet omfatter altså både kyrkjefellesskapet (dei kristne sitt samfunn med Gud og fellesskapet med kvarandre) og kyrkjebygget (stil, arkitektur og størrelse). Det gjeld kyrkjerommet (gjenstandar og innredning) og kyrkjeåret (den tida som kyrkja lever og virker i).

Vinnerlykke!

Bilde 1

Vinbingo og vinnerlykke passer fint saman. Vi kjøpte oss eit brett med lodd i lag – og vann 2 flasker vin! God helg!

bloggbilete

Indirekte lysinnslepp testast ut i ulike variantar. Korleis er taket? Assosiasjonar til eit gresk tempel. Monumentale fjell. Morgensol. Skiver som strekker seg mot himmelen. Kor høge skal dei vere?

Kyrkjelydssalen, administrasjonsbygget og kafè/restaurrant skisserast. I tre. Med varierande grad av openheit. Med ulike konstruksjonsprinsipp. Massivtre, limtre, tre som brettar seg rundt romma, rammekonstruksjon.

Lysstudier

Grønt_liteEi form bygd opp av skiver. Skiver som slepp lyset inn. Indirekte.

Kva vil taket vere? Korleis skal inngangen løysast? Kor mange sjikt skal ein gjennom før ein er inne i sjølve kyrkjerommet? Korleis er den fysiske samanhengen mellom den sakrale delen og den profane? Mange spørsmål står att utan svar. Men vi har funne eit organiseringsprinsipp som fungerer. Og eit formkonsept som vi liker. Som vi har lyst å arbeide videre med. Med dette i hjartet tek vi laurdagen fri og kviler før neste arbeidsøkt!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.