Skumma gjennom boka «Italias urbane fenomen» og fann ei rekke handlingar som må kunne finne stad i eit godt byrom:
Å stå – ei uforpliktande og ukomplisert mogelegheit til å opphalde seg i eit byrom. Ein oppsøker då gjerne områder som er motivert og definert – desse finn ein ved fasader, ved inventar, i alt som er vertikalt i rommet: søyler, lyktestolpar, sykler, barnevogner osv. I selskap med støttepunktet er ein uforplikta og anonym. Aldri aleine.
Å sitte – meir komplisert funksjon enn å stå. Det er tydeleg at ein foretrekker å plassere seg langs rommet sine kantar. der ein har ryggstøtte og utsyn. Handlinga definerast i to ytterpunkt: å sette seg ei kort stund for å kvile beina, og bevisst å sette seg ned for å vere tilstades i rommet.
Å gå – den mest uforpliktande og ukompliserte måten for opphald i byen. Dersom ein ikkje finn på noko anna å gjere kan ein alltids gå! Med belegning, romform og bygningsutforming kan byrommet definere ei bestemt gåstrekning eller bestemt bevegelse. Det kan også vere ein kvalitet å bokstaveleg talt gnisse seg mot resten av menneskemengda som beveger seg gjennom byen. Søren Kierkegaard kalte det «å ta seg eit forfriskande bad i folkemengda».
Å utfolde seg – ei lang rekke handlingar krever plass og gjennomføringsmuligheter. I Italia er det vanleg at store delar av familielivet utfolder seg i byens gater og plassar. Dette er ikkje like vanleg her hos oss! Aktivitetar synest å konsentrere seg om eit gatahjørne, gateinventar eller ei portåpning.
Å sjå – kanskje den viktigaste mellom alla handlingane i byen. Det meste av inntrykk og opplevingar mottek ein gjennom auget. For å få glede av opphald i byen på ein helst sjå kva som foregår. Dei stadane der folk oppheld seg i ein by er ofte stadar med god oversikt over byens aktivitetar. I Lucca er sentralplassen heva to trinn over dei omgivende køyrebanene, så sjølv dei minste får eit godt overblikk herifrå. Benkar er ofte framfor fasadane, og heva over gatenivået, slik at ein kan sitte beskytta og følge med på livet i gata/plassen.
