Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Informasjon’ Category

Gjennom formulieringa av forarbeidet vårt blei vi bevisste på at ordet «kyrkje» er eit fleirtydig ord. Det kan brukast på ulike måtar som alle er rette. Tydinga i det enkelte tilfelet avhenger av samanhengen.

Det greske grunnordet for kyrkje i Det nye testamentet heiter EKKLESIA. Det betyr «dei som er kalt», eller «dei som er utvalgt». Dette omfatter ei forsamling, ei samling menneske. Frå rundt år 400 begynte ordet også å bli brukt om staden eller bygninga der dei kristne kom saman.

Det norske ordet kyrkje kjem frå det greske adjektivet KYRIAKOS. Det betyr «det som høyrer Herren til». Det sikta først og fremst til Herrens nattverd og Herrens dag. Frå omkring år 300 blei det brukt som substantiv, KYRIAKON. Då betyr det «Herrens stad» eller «Herrens kyrkje».

Ordet omfatter altså både kyrkjefellesskapet (dei kristne sitt samfunn med Gud og fellesskapet med kvarandre) og kyrkjebygget (stil, arkitektur og størrelse). Det gjeld kyrkjerommet (gjenstandar og innredning) og kyrkjeåret (den tida som kyrkja lever og virker i).

Read Full Post »

Skumma gjennom boka «Italias urbane fenomen» og fann ei rekke handlingar som må kunne finne stad i eit godt byrom:

Å stå – ei uforpliktande og ukomplisert mogelegheit til å opphalde seg i eit byrom. Ein oppsøker då gjerne områder som er motivert og definert – desse finn ein ved fasader, ved inventar, i alt som er vertikalt i rommet: søyler, lyktestolpar, sykler, barnevogner osv. I selskap med støttepunktet er ein uforplikta og anonym. Aldri aleine.

Å sitte – meir komplisert funksjon enn å stå. Det er tydeleg at ein foretrekker å plassere seg langs rommet sine kantar. der ein har ryggstøtte og utsyn. Handlinga definerast i to ytterpunkt: å sette seg ei kort stund for å kvile beina, og bevisst å sette seg ned for å vere tilstades i rommet.

Å gå – den mest uforpliktande og ukompliserte måten for opphald i byen. Dersom ein ikkje finn på noko anna å gjere kan ein alltids gå! Med belegning, romform og bygningsutforming kan byrommet definere ei bestemt gåstrekning eller bestemt bevegelse. Det kan også vere ein kvalitet å bokstaveleg talt gnisse seg mot resten av menneskemengda som beveger seg gjennom byen. Søren Kierkegaard kalte det «å ta seg eit forfriskande bad i folkemengda».

Å utfolde seg – ei lang rekke handlingar krever plass og gjennomføringsmuligheter. I Italia er det vanleg at store delar av familielivet utfolder seg i byens gater og plassar. Dette er ikkje like vanleg her hos oss! Aktivitetar synest å konsentrere seg om eit gatahjørne, gateinventar eller ei portåpning.

Å sjå – kanskje den viktigaste mellom alla handlingane i byen. Det meste av inntrykk og opplevingar mottek ein gjennom auget. For å få glede av opphald i byen på ein helst sjå kva som foregår. Dei stadane der folk oppheld seg i ein by er ofte stadar med god oversikt over byens aktivitetar. I Lucca er sentralplassen heva to trinn over dei omgivende køyrebanene, så sjølv dei minste får eit godt overblikk herifrå. Benkar er ofte framfor fasadane, og heva over gatenivået, slik at ein kan sitte beskytta og følge med på livet i gata/plassen. 

bike

Read Full Post »

Ny arbeidsplass

arbeidsplass

Her er vårt nye arbeidslokale. 1.etasje på KiT (Kunstakademiet i Trondheim) er staden der vi skal fullføre diplomarbeidet vårt. Flotte, lyse lokaler, like ved Solsiden. Her har vi det godt.

Read Full Post »

Pause

Vi har tatt påskeferie og ønsker alle som stikk innom sida vår ei

god høgtid!

Read Full Post »

Kristendom og islam

bilde-15

Vi lever i Norge i eit multikulturelt samfunn. Vi høyrer til fleire typer religionar. 85 000 muslimer i Norge. 45 000 av desse bur i Oslo.  I Stjørdal er det ikkje stor prosent innvandrarar. Og i følge prost Dagfinn Slungård har ein sett at mange av innvandrarane er kristne og har funne sin plass i kyrkja. Like fullt er det viktig og spennande å vere bevisst på situasjonen. På NRK2 viste dei i kveld eit program: «Spekter: Islam i Norge«.

«Islam er Norges nest største religion. Hvordan endrer dette Norge? Spekter tar tak i påstander om snik-islamifisering i Norge og ser på hvordan troende muslimer påvirker landet vårt, gjennom synlige tegn som arkitektur og klesdrakt, og i institusjoner som den norske skolen.»

Debatten har rast dei siste vekene. Dette programmet var fint då det hadde som mål å gi ei djupare forståing av opphavet til kristendomen og islam. Bredden i intervjuobjekt var også stor og gav dermed eit meir dekkande bilete av dagens situasjon enn det media har klart hittil. Verdt å sjå.

Read Full Post »

Kritikk til NTNU

dsc00081Dette er no vår vesle hule. 

Vi har sidan jul hatt tre ulike basar. Datarommet i 4.etasje, Vis.kom.rommet i 2.etasje og no sit vi PÅ NÅDE i tegnesal 316 i 3.etasje i sentralblokk 2. NTNU skaffer nemlig ikkje lokale til sine diplomstudentar før i slutten av mars. Slik er det kvart år. Ei forferdelig dårleg løysing. Vi fatter ikkje korleis dette kan vedvare. Frå år til år. Som heimlause blir vi dytta vidare, frå rom til rom går vår vandring. Aldri er vi med glede ønska velkommen. Alltid føler vi oss i vegen. Kjempeflotte rammer for tida då grunnlaget for vårt diplomarbeide skal leggast! 

Vi håper vi får sitte her heilt til 24. mars då vi endeleg kan innta lokala nede på KiT.

Read Full Post »

 
Bilde 10Stjørdal ligg i Nord-Trøndelag og er dette fylket sin største by. Byen ligg 350 km nordvest for Trondheim. Hovudflyplassen til regionen, Værnes lufthavn, ligg i Stjørdal.

Stjørdal fekk bystatus 01.06.97, har vel 20000 innbyggere og er prega av sterk vekst. Vel 64 % bor i sentrumsområdet. Befolkning pr km2 er ca. 20,8 mot Nord- Trøndelag 5,7 og Norge 14,1. Andelen barn og unge er større enn i fylket og i landet som heilhet og andelen over 80 år er mindre enn i fylket og i landet elles. Stjørdal er kommunikasjonsknutepunktet i Trøndelag med Trondheim lufthavn Værnes, E6 og E 14, Nordlandsbanen og Meråkerbanen.

Read Full Post »

Fredag sendte vi inn 1.utkast til forarbeid til veileder Finn Hakonsen.
Refererer til Aggi og Hege sin blogg der dei har sett opp ei oversikt over kva eit forarbeid kan vere:

HENSIKTEN MED FORARBEIDET
– Å gi seg selv tydelige føringer for hva man skal gjøre
– Å kommunisere til faglærer og sensor hva man skal gjøre
– En god oppgaveformulering er et navigasjonsinstrument for å ta gode valg når man mister oversikten

GODE VERKTØY FOR PRESISERING
– Avgrensning
– Fokusering
– Vær konkret (også om de mer utydelige ting)

VURDERING
– Forarbeidet vurderes (karaktersettes) ikke som en del av det innleverte materialet
– Et godt forarbeid gir et godt underlag for vurdering av hovedoppgaven

FORM/INNHOLD
– Vær presis, kortfattet
– Legg ikke inn materiale som tilhører besvarelsen

Read Full Post »

Sol og skugge

sol og skugge

Tomta ligg rett ved torget i Stjørdal. Omkringliggande bygg er som vi ser av solstudiane på andre sida av heller breie vegar. Dette sikrer gode solforhold på tomta vår stort sett heile året. Vinter i Norge er mørk, kald og har lite sol.. så lange skuggar vil falle på kyrkja og torget i denne årstida. Tomta er likevel sikra litt sol gjennom alle årstider. Midt på dag vil det stort sett vere gode lysforhold gjennom alle årstidene.

Read Full Post »

Vår intensjon

I denne oppgåva ta fatt på den ambisiøse oppgåva å teikne eit gudshus. Vi har som mål å skape eit kyrkjebygg som opplevast heilagt, vakkert og inviterande. 

Vi har som mål å arbeide med korleis arkitekturen kan vere med på å skape eit sakralt rom. Dette ønsker vi å gjere ved å studere samspelet mellom form, materialer og lys.

Bygget skal vere tydeleg i bybiletet. Det må vere lett tilgjengeleg og gje folk ei kjensle av å vere velkomne.

Read Full Post »

Older Posts »